Vesper


Ein sundagskveld i månaden samlast me til vesper i Utstein kloster eller Sørbø kyrkje.

 

Vesper er ei av den gamle tidebønene: Kveldsbøn, etter klostertradisjon

Her syng me bibelske salmar,
og nokre salmar/hymner frå salmeboka, 
og me les sundagens bibeltekst

Musikken er prega av det gregorianske: enkel, unison song, frå den tida då desse kyrkjene var nye; men vi syng og nyare stoff.
Det gregorianske koret Schola Utsteiniensis med kantor Arne Martin Aandsdtad leier songen.

Etter vesperen, er det kyrkjekaffe og eit kåseri i Utstein pilegrimsgard. (Når vesperen er i Sørbø kyrkje, held me oss i kyrkja)

Velkomen til ei stille kveldsstund i kyrkja!

 

Haust 2020:

1. november, Utstein kloster
Halvdags seminar fra kl. 15.00:
Gunnar Danbolt: 
«Middelalderkirkenes utsmykning»

6. desember, Utstein kloster
Kjetil Aano: «Kva er vitsen med å vera lutheraner? - Representerer ulike kyrkjesamfunn verkeleg ulike, eller bare boksar å putta kvarandre i?»

2021:

17. januar, Utstein
Arne Martin Aandstad: Om gregoriansk sang, notasjon, praksis
7. februar, Utstein
Kristin Gunnleiksrud Raaum
14. mars, Talgje
Anne Lise Ådnøy
11. april, Utstein
Gunnar Skadberg: "John Haugvaldstad - en lokal haugianerleder"
9. mai, Sørbø
Anne Grete Hagen: «Alt skal bli bra», om Julian of Norwich
13. juni, Sørbø
29. juli, Sørbø
22. august, Utstein
19. september, Utstein
24. oktober, Utstein
21. november, Utstein
5. desember, Utstein

Arr: Rennesøy og Mosterøy sokn, Schola Utsteiniensis, Rennesøy og Finnøy kyrkjeforum

Tilbake