Ein sundagskveld i månaden samlast me til vesper i Utstein kloster eller Sørbø kyrkje.
Vesper er ei av dei gamle tidebønene: Kveldsbøn, etter klostertradisjon
Her syng me bibelske salmar,
og nokre salmar/hymner frå salmeboka,
og me les sundagens bibeltekst
Musikken er prega av det gregorianske: enkel, unison song, frå den tida då desse kyrkjene var nye, men vi syng og nyare stoff.
Det gregorianske koret Schola Utsteiniensis leier songen.
Etter vesperen, er det kyrkjekaffe og eit kåseri i Utstein pilegrimsgard. (Når vesperen er i Sørbø kyrkje, held me oss i kyrkja)
Følg med på kalenderen for dato, sted, og kven som held foredrag. https://rennesoykyrkja.no/Kalender
Velkomen til ei stille kveldsstund i kyrkja!
Kontakt: Stein Mangersnes
Telefon: 90 07 78 45, mail: sm638@kyrkja.no